Terje Torkildsen

er kanskje mest kjend som prinsippfast drosjesjåfør i filmen Mongoland, men han er eigentleg norsklektor med vitnemål frå aparte fag som kultuminnevern, retorikk og latin. Han er med andre ord ein løgnas, og det fann han tidleg ut at det går an å leva av. Torkildsen er svært allsidig, og jobbar også som forfattar, skodespelar, revyinstruktør og kulturprodusent.
Terje Torkildsen blir mykje brukt som konferansier, og kan gjera både standup og møteleiing på engelsk. Han har arbeidd i fleire år som produsent i Humorfestivalen og er flink til å skreddarsy program etter kven som er publikum. Han leier også workshops innan ideutvikling, tekstskriving og standup. Torkildsen har som komikar ein ganske unik stil, og han har til og med funne opp sin eigen sjanger: morolog.